Free Web Hosting by Netfirms
Web Hosting by Netfirms | Free Domain Names by Netfirms

I Åsen tilbyr me ekte og spennande lokale for møteverksemd, omvisning og kåseri, feiringar og jubileer, blåtur og overnatting. Huset kan leigast ein dag, ei helg eller ei veke.

Den eldste delen av huset er frå 1740 og er oppført i SEFRAK-registeret i verneklasse A. Det er 2 stover: ei kvardagstove med dekkeplass til 20 personar og ein kaffesalong med plass til 15. Mellom desse to stovene ligg dei ei peisestove.

I den varme delen av året kan ein sitje der og kose seg framføre den store gruva. I den nordre skuten er det nytt kjøkken, godkjent for matlaging. Det er toalett og dusj i søndre skut. På loftet er det sovesal for jenter og gutar med godkjent overnatting for 12 personar.

Stiftinga Åsen er eigt av Bjerkreim Bondelag, Bjerkreim Jeger & Fisk, Bjerkreim ættesogelag, Dalane Folkemuseum og Bjerkreim kommune. Sidan 2002 har ein restaurert heile huset. Garden Åsen ligg i eit unikt og godt bevart kulturlandskap utan gjennomgangstrafikk. Ås betyr bergrygg og tunet ligg lunt til i småkupert terreng.

Garden ligg tett til prestevegen, den gamle ferdselsåra mellom prestegarden på Helleland og kyrkja på Bjerkreim. Frå 1300-talet og like frem til vårt århundre drog presten framom tuna på Tveita og i Åsen når han skulle preike i Bjerkreim.

Gardstunet og bygningane i Åsen er eit godt døme på korleis det såg ut på gardane i Bjerkreim i eldre tid.

Her finn du leigeavtale for Åsenhuset med informasjon om prisar for 2010.
Høgoppløyseleg bilete av Åsen.

Her finn du kart over Åsen-tunet.